1

Byggjelån for konstruksjon av to brønnbåtar ved Aas Mekaniske

Aas Mek. Verksted, verft på Vestnes i Møre og Romsdal. Treng finansiering til å dekkje byggjekostnadene for to brønnbåtar.

Finansiering i byggeperioden
Verftet trong finansiering for å dekkje kostnadar i byggjeperioden for to brønnbåtar på 1800 og 2500 m3, som det byggjer for Sølvtrans. Fartøya skal leverast i oktober og november i år. Aas Mek. Har sjølv designa fartøya.

Byggjelån frå bank med garanti fra GIEK
Verftet fekk byggjelån hos Nordea i Ålesund ved at GIEK har stilt ein garanti overfor banken for 50 prosent av lånet.

Fakta:

  • Byggjelån til Aas Mek. Verksted for to brønnbåtar på 1800 og 2500 m3.
  • Fartøya er designa og bygde av Aas Mek. 
  • Skroga er bygde av dei tyrkiske verfta Ceksan og Atlas.