Bømlo-selskapet Los Marine leverar tannfiskbåt med ny teknologi

Staten bidrar med finansiering av båten, opphavleg ein skjell-trålar. Den skal byggjast om til eit linefartøy for fiske etter tannfisk i Sørishavet.

Prosjektet medfører utprøving av ein del ny teknologi, blant anna frå det norske gründerselskapet Sago Solutions, som har utvikla en løysing kalla «Sago Extreme» for å unngå at kval et opp fisken på lina.  Båten skal leveras hausten 2019 til det nystarta reiarlaget Pesquera Azul i Uruguay og skal fiske på lokale lisensar og kvoter. Eigarane av prosjektet er erfarne norske fiskarar.

Ombygginga finansieras med lån frå Eksportkreditt Norge og garantiar frå GIEK og Sparebanken Vest. GIEK sandel av lånet er NOK 150 millionar.

Bilde: Prototype av Sago Extreme, utviklet av gründerselskapet Sago Solutions

Ifølge Kystmagasinet.no har kontrakten medverka til økt sysselsetjing ved verftet. LOS Marine hadde opphavleg litt over 50 tilsette, men vil ikkje koma utanom innleie av arbeidskraft for å gjennomføra prosjektet, og forventar å sysselsetja ein plass mellom 80 og 100 personar, heiter det.

Tannfisk er ein eksklusiv fisk som lever på djupt vatn. Fiskeribladet rapporterte i sluten av mars en kilopris på over 220 kroner for tannfisk, som blant anna brukas til sushi, i Sørishavet. I mars i år, fisket selskapet Ervik Havfiske en 238cm lang tannfisk på 144,65 kg. Førstehandsverda for denne eine fisken aleine var dermed kr 16 000, skriv bladet.

Fisken kan normalt bli opptil 2 meter lang og veie opptil 160kg.

Bilder er lånt av Sago Solutions.