Gå til innhold
Skriv ut Tips en venn

Vedtektsendring: Mindre skip og innretningar til havs

09.09.2010
Tips en venn
Fyll ut feltene og trykk 'send'. Vi lagrer ingen informasjon om deg og din mottaker.

Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Vedtektsendring: Mindre skip og innretningar til havs

Nærings- og handelsdepartementet har gjeve GIEK nye vedtekter. No kan GIEK også stille garanti ved byggjing eller ombyggjing av fartøy under 100 bruttotonn, fartøy uten framdriftsmaskineri og innretningar til havs. Desse kan til dømes vere knytta til fornybar energi og vindkraftanlegg.

Denne endringa kjem i form av tilføyingar til vedtekta om garanti for byggjelån til skip. Tidlegare har denne omfatta byggjing eller ombyggjing av skip i Noreg (etter OECD-definisjonen av skip). I dei nye vedtektene heiter det nå i tillegg at garanti kan gis for lån til selskap i Noreg for:

"Byggjing eller ombyggjing av fartøy under 100 bruttotonn som kan registrerast i norsk skipsregister og som skal brukast i næring. Byggjing eller ombyggjing av fartøy uten framdriftsmaskineri. Byggjing, ombyggjing eller samanstilling av innretningar til havs eller produksjon av vesentlege underleveransar til dei."

Vedtektsendringa gjelder frå 09.09.10

 

Ordliste