Det er Noreg som leier dei internasjonale forhandlingane i FN om mandatet for menneskerettar og næringsliv. John Ruggie har vore FNs Generalsekretærs spesialrepresentant for menneskerettigheter og næringsliv sidan 2005.
- Vi i GIEK set stor pris på å få møte professor Ruggie, og følgjer hans arbeid tett. OECD er i prosess med å oppdatere sine reglar for eksportkreditt, og innspel frå John Ruggie om å inkludere menneskerettar blir ein viktig del av dei oppdaterte reglane. GIEK og alle andre eksportkreditt-institutt i OECD følgjer desse reglane, seier Kamil Zabielski, seniorrådgjevar innan samfunnsansvar i GIEK.
John Ruggie er professor ved Harvard Universitet, både i menneskerettar og statsvitskap, og har i tillegg eit professorat ved Harvard Law School. Han er kåra til ein av verdas ti mest etiske leiarar av tidsskrifta ”Foreign Policy” og ”Ethical Corporation”. Han var bland anna hjernen bak tusenårsmåla og opprettinga av FNs Global Compact.
Les meir om Ruggies besøk på UDs nettsider.
Les også "Remarks by SRSG John Ruggie – “Engaging Export Credit Agencies in Respecting Human Rights”
OECD Export Credit Group’s “Common Approaches” Meeting, Paris, 23 June 2010".
http://www.reports-and-materials.org/Ruggie-remarks-to-OECD-re-export-credit-agencies-23-Jun-2010.pdf