Gå til innhold

Internasjonalt

Reforsikringsavtaler

GIEK har inngått samarbeidsavtaler med fleire andre garanti-institutt. Desse avtalene dannar basisen for samarbeidet i individuelle prosjekt, men er ikkje ein forutsetnad. GIEK kan delta og ta risiko også i felles prosjekt utan at ei generell avtale er inngått med dei involverte partar.  

OECD

Gjennom OECD (Organisation for Economic Co-operation and Development) er det opp gjennom åra bygd opp eit internasjonalt regelverk for eksportkredittar og tilhøyrande garantiar. Medlemsstatane har bunde seg til reglar som skal hindre handelsvridande tiltak og subsidiering av eksport.

Parisklubben

Parisklubben er ei uformell gruppe av kreditorar (19 land) som blei etablert i 1956, då Argentinas gjeld blei reforhandla første gong. Deira hovudoppgave er å finne ei bære­kraftig løysing for debitorlandets betalingsvanskar i tett samarbeid med IMF og Verds­banken.  

Berne Union

GIEK er medlem av Berne Union, som er den leiande internasjonale organisasjonen for eksportkredittforsikring og utenlandske investeringar. I dag er praktisk talt alle store eksportkredittforsikrarar i verda medlem.
 

Ordliste